torsdag 15. oktober 2009

Clive Cussler



Clive Cussler blei født 15. Juli 1931 i Aurora, Illinois. Han er ein verdskjend forfattar som har skreve mange ulike bøker. Han skriver bøker innanfor spenning og eventyrgrenen.
Han er ein eventyris og kunnskapsrik person som har opplevd veldig mykje og har djup erfaring innan mange ulike feltar. Mykje av det han skrivar gjenspeilar seg frå hans eiga liv og fortid.

Han har vore innom mange forskjelliga yrker. Nå er han forøve marinearkeolog, skattejeger, eventyrar og forfattar. Han har også vore innom både tv og radio, og vunne fleire ulike prisar. Han er veldig interessert i gamle veteranbilar, og har eit eiga lager med ulike typar og modellar. Han er ofte ute å reiser rundt om i vera, alt frå djupe junglar i Afrika til høge fjell i Rocky Mountains.
I dei fleste bøkene hans, har han skildra livet til romanhelten Dirk Pitt. Dirk Pitt kan omtalast som ein slags James Bond eller Indiana Jones skikkelse, ein veldig actionlysten og spennande person. Man kan tydeleg sjå likskapar mellom Cussler sjølv og hans romanfigur Dirk Pitt.

Han byrja å skrive i 1965, og har sida publisert ein stor mengde bøker som er utgitt i meir enn 100 land i over 40 ulike språk.

Eg har sjølv lest noka av bøkene hans, og synest det er veldig god og interessant lesnad. Det er spenning på sitt beste, og dei har ei innleving som appellerer til menneske i alle aldrar. Eg håpar verkeleg fleire vil lese noko av denne forfattaren. Det er både veldig artig og spennande, samtidig som det også er lærerikt.

Kjelder:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar