fredag 17. september 2010

Fåvnesmål

Fåvnesmål er eit heltedikt frå den Eldre Edda. Eit heltedikt er eit forteljande dikt, som beskriver og skildrar ein helt, og hans eller hennes vei gjennom livet og kva for hendingar og utfordringar dei møter på denne vegen. I desse historiene blir hovudpersonane ofte betena som ei helt, men det trenger ikkje nødvendigvis bety at denne personen er så snill og hjelpsam, slik vi forbindar med helter. Heltedikta trenger heller ikkje å vere realistiske, dette kan vi sjå mange eksemplar på i det diktet eg skal ta føre meg.

Desse forteljingane har ofte ei valdsam handling, ofte frå krig og kamper med store vesen og vonde kreftar, og det er slett ikkje uvanleg at helten går sigrande ut. Felles for heltedikta er at dei omfattar historiske handlingar og heltene blir ofte framstilt som flotte, sterke, modige og sjølvsikre menneske.

Fåvnesmål er eit heltedikt som handlar om korleis Sigurd drap ormen Fåvne. I eddadikta står det om Sigurd, han blir skildra som ein dyktig og sterk helt, det blir fortalt at han var den største av dei alle. I ”Reginsmål” får vi høyre om noe av bakgrunnsstoffet for ”Fåvnesmål”, nemleg Sigurds oppvekst og ungdomstid. Her får vi blant anna vite at Sigurd blir oppfostra av smeden Regin, som er lærer Sigurd til å bli kampdyktig og aggressiv. Vi får vite at Regins bror, Fåvne, vaktar over ein stor skatt med mykje gull, denne skatten vil Regin at Sigurd skal hente, og dermed drepe Fåvne, som da ligger i ein drageskikkelse.

I Fåvnesmål får vi skildra sjølve møte med Fåvne og Sigurd og kva som skjer i etterkant. Vi får vite at dei har ein samtale, der Fåvne åtvarar Sigurd om å ta skatten, før han på tross av det tar livet av draga, for deretter å ta gullet. Nå er Regin glad, og frydar seg over at gullet endelig er hans. Han drikkar blodet til broren, og Sigurd får også i seg litt. Blodet gjør at han kan tyde fuglespråk, og får vite, av fuglane, at Regin vil svike han. Sigurd tar dermed fram sverdet og huggar hovudet av han. Vidare visar fuglane vegen han må gå. Han må ri til eit fjell og vekke ei valkyrje, ei dame, som ligger der å sov. Dette gjer han…

Denne historia er typisk i denne litteratur og tidsepoken. Vi ser tydelege eksemplar på urealistiske og episke kjenneteikn i dette diktet; det er menneske i drageskikkelse, fuglar som kan snakke osv…

4 kommentarer:

  1. Veldig bra skrevet nynorsk, finner ikke en feil! :)
    Du skriver bra og man blir interissert til å lese "Råvnamål". :)
    bra at du tar med bildet også...

    SvarSlett
  2. Kjempe godt jobba, Jonas. Dykk skrivar i dybden og dykk har ein god flyt i teksten. Fine bileter gir innlegget ein ekstra BONUS! Dykk er go'.

    SvarSlett
  3. Bra skrevet Jonas. Synes du kommer med mye bra informasjon, og jeg lærte masse om Fåvnesmål. Fint å ha med bilde, det livner opp teksten en del. Nynorsken din er super! Godt Jobba!!!:D

    SvarSlett
  4. Verkelig bra, og for eit sjukt interessant tema! ;P Lærde mykje. Good good

    SvarSlett