torsdag 4. februar 2010

Melding av filmen "Blood Diamond"



Filmen ”Blood Diamond” er regissert og produsert av Edward Zwick. Den har blitt nominert til fem Oscar prisar og også nominert til ”Beste mannlige hovudrolle”. Hovedskuespillerne i filmen er Leonardo DiCaprio, Jennifer Connelly og Djimon Hounsou.

Handlinga i filmen påtår seg i eit av Afrikas fattigaste land, Sierra Leone. Året er 1999 og landet er herja av ein av mange borgarkrigar. Befolkninga er veldig prega av vald, fattigdom og levar mykje i frykt. Geriljasoldatane regjerar og drivar grusamme handlingar og virksemd.

Filmen byrjar med at den unge Afrikanske barnefaren og ektemannen Soloman Vandy blir kidnappa og sendt for å jobbe på ein av dei mange diamantgruvene til geriljagruppa RUF (Revolutionary United Front). Diamantane som slavane utvinner blir brukt til å forsyne RUF med våpen.

Vandy finner ein enorm rosa diamant. Leiaren oppdagar diamanten, men i same augeblikk blir gruvene angrepet av tropper. Vandy rekkjer akkurat å gjømme diamanten før han blir arrestert. I fengselet treffer han Danny Archer, en diamantsmuglar, som ser Solomons diamant som ein muligheit til å kome seg vekk frå Afrikas gudsforlate land.

Vidare byggjer filmen på reisa og opplevingane som Solomon Vandy og Danny Archer må igjennom for å finne diamanten og familien til Vandy. Sonen til Vandy har nemleg blitt kidnappa av RUF, og blitt til ein soldat, ein av mange barnesoldatar på den tida. Dei treffer også på krigskorrespondenten Maddy Bowen, som hjelper dei med å finne Solomons familie.

Det er ikkje noko politisk system eller orden, kriminaliteten blomstrar og landsby etter landsby blir invadert av mengder med geriljasoldatar som ikkje eiger sans for samvit eller skam, dei tar inga omsyn til verken kvinner eller barn. Mange av soldatane er også barnesoldatar, som har blitt kidnappa og fråtatt barndommen si.


”Blood Diamond” er en viktig film. Den viser resten av vera forholda som faktisk er eit faktum for mange Afrikanske menneske, den viser livet til den enkelte – som innhald vold, flykt, valdtekt og frykt. For mange av oss i den vestlige vera blir store delar av filmen veldig surrealistisk og uforståelig, er det verkeleg muleg at menneske kan bli slik? tenkjer sikkert mange av oss. Det er vanskeleg for oss å idet heile tatt prøve å få ei lita peikepinn på forholda desse menneske levar i. Filmen får dei fleste av oss publikum til å vakna opp og faktisk sjå kor godt vi har det.

Det er ein sterk film som ikkje er berekna for alle. Det er mange intense og blodige scener, som forsterkar seg med tanka på at det faktisk er ein verkelegheit. Filmen er nemlig framstilt og basert på realistiske hendingar, hendingar som pregar mange av Afrikas land sjølv i dag.

Så lenge man er sterk til sinns så er dette ein veldig spennenda og interessant film, der skuespillerne gjer ein fabelaktig jobb. Eg kan verkeleg råde folk til å sjå denne filmen, den er både spennande og lærerik.

Kjelder:

http://www.filmbyen.no/reviews/754/

http://no.wikipedia.org/wiki/Blood_Diamond

Bilder:

http://www.now-movies.com/result.php?q=blood+diamond&type=search

http://www.hhsdrama.com/images/BloodDiamond98asf8.jpg

http://gfx.dagbladet.no/pub/artikkel/4/48/483/483157/barnesoldaterXart280_1163688396_1163688410.jpg

1 kommentar:

  1. Fin skildring av filmen. I vurderinga di, så reflekterer du også, og dette får lesaren til å tenkje seg litt om. Veldig bra :) Fint at du har bileter med både oppe og nede i innlegget ditt og at du har med kjelder. Du må rett nok sjå litt på språket ditt. Fint om du kan ta med peikare i teksten din og også lage hyperlink av kjeldene dine.

    SvarSlett