lørdag 13. november 2010

"Ambassadørane" av Hans Holbein

Ambassadørane er eit maleri som blei mala i 1533 av Hans Holbein. Dette maleriet er eit typisk maleri frå renessansen. Det innhald fleire objekt og element som er gjenspeilande kjennetrekk frå denne perioden. Viss vi studerer bilete nærmare og ser på detaljane så er det lettare å sjå kva for samanheng bilete har til renessansen. Det er lett å sjå at malaren hatt mange vel gjennomtenkte tankar då han malte maleriet.


Vi kan til dømes byrje med å sjå på kleda til dei to personane i maleriet. Begge er kledd i flotte klede, noe som gir oss eit ”hint” om deira stilling i samfunnet. Den eine er kledd i ei svært verdslig, ikkje-kyrkjelig, uniform, imens den andre er ikledd ein klesdrakt som ofte blei forbinda med lærde og kyrkjelige menneske, i denne samtida. Omgivingane på bilete gir oss også eit inntrykk om ei velståande livsstil, detaljane viser avansert trearbeid og flotte mønster og farger på vegger, golv og tekstilar. Det er fleire produkta på bilete som kjem frå andre kulturar, dette viser deira interesse for andre kulturar og evne til å tenkje med eit opent syn.

Det er også ulike gjenstandar på bilete som vi kan tolke, og få ein meining om det som kan liggje under overflata. Fleire navigasjons-og naturvitenskapelige instrumenter liggjar synleg, blant anna globus, passer og liknande, det fortel oss om oppdagingane og utforskinga som var ein del av denne epoken. Dessa gjenstandane kan alle vere symbol på ein naturvitenskapelig utvikling og nysgjerrigheit.
Bøkene på bilete kan gi ein peikepinn på økt kunnskap, opplysing og læring, som sto klart i renessansen. Den store treboksen på nedre hylle, er eit musikkinstrument som var mye brukt på denne tida. Det visar at musikk hadde ei viktig plass i deira liv.

Eit anna virkemiddel som er vesentleg i dette bilete, er gjenstanden mellom dei to ambassadørane, hovudskallen. Den er vanskeleg å leggje merke til, for det er ein slags dradd versjon som man på konsentrere seg for å oppfatte. Hovudskallen beskriver døden, og viser at det er det einaste sikre i livet, at alle skal dø. Den skildrar oppfatninga av livet og dei avgrensa moglegheita.

Det er inga tvil at disse symbola peiker mot renesansen som ein epoke i europeisk historie.

fredag 17. september 2010

Fåvnesmål

Fåvnesmål er eit heltedikt frå den Eldre Edda. Eit heltedikt er eit forteljande dikt, som beskriver og skildrar ein helt, og hans eller hennes vei gjennom livet og kva for hendingar og utfordringar dei møter på denne vegen. I desse historiene blir hovudpersonane ofte betena som ei helt, men det trenger ikkje nødvendigvis bety at denne personen er så snill og hjelpsam, slik vi forbindar med helter. Heltedikta trenger heller ikkje å vere realistiske, dette kan vi sjå mange eksemplar på i det diktet eg skal ta føre meg.

Desse forteljingane har ofte ei valdsam handling, ofte frå krig og kamper med store vesen og vonde kreftar, og det er slett ikkje uvanleg at helten går sigrande ut. Felles for heltedikta er at dei omfattar historiske handlingar og heltene blir ofte framstilt som flotte, sterke, modige og sjølvsikre menneske.

Fåvnesmål er eit heltedikt som handlar om korleis Sigurd drap ormen Fåvne. I eddadikta står det om Sigurd, han blir skildra som ein dyktig og sterk helt, det blir fortalt at han var den største av dei alle. I ”Reginsmål” får vi høyre om noe av bakgrunnsstoffet for ”Fåvnesmål”, nemleg Sigurds oppvekst og ungdomstid. Her får vi blant anna vite at Sigurd blir oppfostra av smeden Regin, som er lærer Sigurd til å bli kampdyktig og aggressiv. Vi får vite at Regins bror, Fåvne, vaktar over ein stor skatt med mykje gull, denne skatten vil Regin at Sigurd skal hente, og dermed drepe Fåvne, som da ligger i ein drageskikkelse.

I Fåvnesmål får vi skildra sjølve møte med Fåvne og Sigurd og kva som skjer i etterkant. Vi får vite at dei har ein samtale, der Fåvne åtvarar Sigurd om å ta skatten, før han på tross av det tar livet av draga, for deretter å ta gullet. Nå er Regin glad, og frydar seg over at gullet endelig er hans. Han drikkar blodet til broren, og Sigurd får også i seg litt. Blodet gjør at han kan tyde fuglespråk, og får vite, av fuglane, at Regin vil svike han. Sigurd tar dermed fram sverdet og huggar hovudet av han. Vidare visar fuglane vegen han må gå. Han må ri til eit fjell og vekke ei valkyrje, ei dame, som ligger der å sov. Dette gjer han…

Denne historia er typisk i denne litteratur og tidsepoken. Vi ser tydelege eksemplar på urealistiske og episke kjenneteikn i dette diktet; det er menneske i drageskikkelse, fuglar som kan snakke osv…

torsdag 4. februar 2010

Melding av filmen "Blood Diamond"



Filmen ”Blood Diamond” er regissert og produsert av Edward Zwick. Den har blitt nominert til fem Oscar prisar og også nominert til ”Beste mannlige hovudrolle”. Hovedskuespillerne i filmen er Leonardo DiCaprio, Jennifer Connelly og Djimon Hounsou.

Handlinga i filmen påtår seg i eit av Afrikas fattigaste land, Sierra Leone. Året er 1999 og landet er herja av ein av mange borgarkrigar. Befolkninga er veldig prega av vald, fattigdom og levar mykje i frykt. Geriljasoldatane regjerar og drivar grusamme handlingar og virksemd.

Filmen byrjar med at den unge Afrikanske barnefaren og ektemannen Soloman Vandy blir kidnappa og sendt for å jobbe på ein av dei mange diamantgruvene til geriljagruppa RUF (Revolutionary United Front). Diamantane som slavane utvinner blir brukt til å forsyne RUF med våpen.

Vandy finner ein enorm rosa diamant. Leiaren oppdagar diamanten, men i same augeblikk blir gruvene angrepet av tropper. Vandy rekkjer akkurat å gjømme diamanten før han blir arrestert. I fengselet treffer han Danny Archer, en diamantsmuglar, som ser Solomons diamant som ein muligheit til å kome seg vekk frå Afrikas gudsforlate land.

Vidare byggjer filmen på reisa og opplevingane som Solomon Vandy og Danny Archer må igjennom for å finne diamanten og familien til Vandy. Sonen til Vandy har nemleg blitt kidnappa av RUF, og blitt til ein soldat, ein av mange barnesoldatar på den tida. Dei treffer også på krigskorrespondenten Maddy Bowen, som hjelper dei med å finne Solomons familie.

Det er ikkje noko politisk system eller orden, kriminaliteten blomstrar og landsby etter landsby blir invadert av mengder med geriljasoldatar som ikkje eiger sans for samvit eller skam, dei tar inga omsyn til verken kvinner eller barn. Mange av soldatane er også barnesoldatar, som har blitt kidnappa og fråtatt barndommen si.


”Blood Diamond” er en viktig film. Den viser resten av vera forholda som faktisk er eit faktum for mange Afrikanske menneske, den viser livet til den enkelte – som innhald vold, flykt, valdtekt og frykt. For mange av oss i den vestlige vera blir store delar av filmen veldig surrealistisk og uforståelig, er det verkeleg muleg at menneske kan bli slik? tenkjer sikkert mange av oss. Det er vanskeleg for oss å idet heile tatt prøve å få ei lita peikepinn på forholda desse menneske levar i. Filmen får dei fleste av oss publikum til å vakna opp og faktisk sjå kor godt vi har det.

Det er ein sterk film som ikkje er berekna for alle. Det er mange intense og blodige scener, som forsterkar seg med tanka på at det faktisk er ein verkelegheit. Filmen er nemlig framstilt og basert på realistiske hendingar, hendingar som pregar mange av Afrikas land sjølv i dag.

Så lenge man er sterk til sinns så er dette ein veldig spennenda og interessant film, der skuespillerne gjer ein fabelaktig jobb. Eg kan verkeleg råde folk til å sjå denne filmen, den er både spennande og lærerik.

Kjelder:

http://www.filmbyen.no/reviews/754/

http://no.wikipedia.org/wiki/Blood_Diamond

Bilder:

http://www.now-movies.com/result.php?q=blood+diamond&type=search

http://www.hhsdrama.com/images/BloodDiamond98asf8.jpg

http://gfx.dagbladet.no/pub/artikkel/4/48/483/483157/barnesoldaterXart280_1163688396_1163688410.jpg

mandag 11. januar 2010

Havet - dets muligheter og opplevelser


Jeg har alltid vært veldig knyttet til havet og alle mulighetene som åpner seg rundt det. Hele livet mitt har jeg bodd ved vannet. Sommeren har alltid vært min favoritt årstid, det å være i og ved vannet og benytte seg av det, har formet store deler av livet mitt. Jeg har alltid tilbragt mye tid i og ved vannet, både i båt, ved brygga og skjæra. Det å kjøre rolig utover havet, imens sola går forsiktig ned under horisonten er en idyllisk og fin opplevelse. Havet innebærer mange fine opplevelser, som f. eks å være på et skjær eller en holme med mange venner og grille utover kvelden, eller kjøre langs holmene midt på natta å ta krabber. Havet er fylt med muligheter, man kan dykke, surfe, fiske og ikke minst oppleve!

Havet har alltid vært og er fortsatt veldig viktig for oss, det gir oss mat og gir mange folk arbeid, både når det gjelder f. eks fiske og turristnæringen. Før var båt det viktigste fremkomst og forhandlingsmiddelet verden hadde. Havet har alltid knyttet kontinenter og ulike land sammen. Gjennom historien har også mange ulike liv gått tapt i havet og mange har vonde opplevelser. Opp igjennom har jeg også alltid blitt veldig fasinert av bestefaren min sine spennende sjømannshistorier, der han forteller om sine opplevelser i verdens hav.

Jeg har mange gode opplevelser fra havet, og jeg ser for meg at jeg i fremtiden kommer til å arbeide i eller med havet.




Bildet er tatt ved ytre Møkkalasset fyr (opprettet 1888, nedlagt 1986). Bildet er funnet på dagbladet sin nettside, Publisert lørdag 24.05.2008 kl. 19:30, oppdatert 10:21